Tilbake til alle jobber
PD
PSK døgn psykose, Helse Førde

Forskingssjukepleiar

FØRDEDeltid11. sep. 2026

Om stillingen

Helse Førde søkjer forskingssykepleiar til det regionale forskingsprosjektet NorPEPS II (The Norwegian Prednisolone in Early Psychosis Study II).

NorPEPS II er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Helse Førde og Helse Stavanger. Prosjektet skal undersøkje om prednisolon som tillegg til standard behandling kan bidra til raskare betring ved akutt psykose hos personar med schizofreni.

Studien byggjer på lovande resultat frå ein tidlegare pilotstudie og har potensial til å gi ny kunnskap som kan bidra til å utvikle behandlingstilbodet til pasientar med  psykose.

Stillinga er knytt til inkludering og oppfølging av studiedeltakarar ved Helse Førde, i tett samarbeid med forskarar og klinikarar ved dei deltakande helseføretaka.

Stillingsprosent: 50 % prosjektstilling i 36 månader (med atterhald om endeleg finansiering).

Arbeidsstad:       Helse Førde

Oppstart:             Snarast

Arbeidsoppgåver

Rekruttering og inkludering av studiedeltakarar

Koordinering av studieforløp og avtalar

Gjennomføring av studievisittar og oppfølging av deltakarar

Innsamling, registrering og kvalitetssikring av forskingsdata

Prøvetaking og handtering av biologisk materiale

Oppfølging av studieprotokoll og dokumentasjon i tråd med Good Clinical Practice (GCP)

Samarbeid med prosjektleiarar, behandlarar og andre forskingsmedarbeidarar

Bidra til trygg gjennomføring av studien og ivaretaking av deltakarane

Kvalifikasjonar

Må-krav

Autorisasjon som sjukepleiar

Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Gode digitale ferdigheiter

Ønskjelege kvalifikasjonar

Erfaring frå forskings- eller utviklingsarbeid

Erfaring frå klinisk arbeid innan psykisk helsevern

Kunnskap om kliniske studiar

GCP-kurs eller erfaring frå arbeid etter GCP-standard

Erfaring med prøvetaking og forskingsdokumentasjon

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein medarbeidar som:

arbeider strukturert og nøyaktig

har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

er sjølvstendig og ansvarsbevisst

trivst med å arbeide både klinisk og forskingsretta

har interesse for forsking innan psykisk helse

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

Ei spennande stilling i eit forskingsprosjekt med høg fagleg relevans

Deltaking i eit regionalt og tverrfagleg forskingssamarbeid

Nært samarbeid med leiande fagmiljø innan psykoseforsking

Moglegheit til å bidra til utvikling av framtidas behandlingstilbod innan psykisk helsevern

Fagleg utvikling og opplæring innan klinisk forsking og GCP

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Stephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5179077870

Stillingsprosent: 50%

Engasjement

Søknadsfrist: 25.09.2026

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen