Tilbake til alle jobber
VS
Voss Sparebank

Rådgjevar bedriftsmarknad - pao Voss

VOSSHeltid12. sep. 2026

Om stillingen

Rådgjevar bedriftsmarknad - pao Voss

Likar du å arbeida med folk, økonomi og ha gode kundemøte?

Er du typen som ser ei oppgåve som må gjerast, og berre gjer det?

Då vil me gjerne høyra frå deg.

Voss Sparebank er ein sjølvstendig lokal sparebank med 28 tilsette.

Me kjenner kundane våre, me kjenner kvarandre – og me likar å gjera lokalsamfunnet til ein betre plass å bu og leva.

No ser me etter ein ny kollega som skal vera rådgjevar for bedriftsmarknaden

på Voss og nærområdet vårt.

Hjå oss får du ikkje berre kontorpult, stol og PC i moderne lokale.

Du får høve til å bli kjend med verksemdene i lokalsamfunnet, forstå kva dei driv med og vera ein viktig sparringspartnar når dei skal investera, utvikla seg eller ta nye steg.

Ingen dagar er like. Nokre dagar sit du fordjupa i ein kredittsak. Andre dagar er du ute og møter ein kunde, diskuterer investeringar over ein kaffikopp eller finn ut korleis me kan hjelpe ei lokal bedrift vidare.

Om du trivst med ansvar, relasjonar, tykkjer om samfunnsoppdraget vårt og likar at arbeidsinnsatsen din vert opplevd som meiningsfull. Då er dette kanskje ei stilling for deg?

Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar på bedriftsmarknaden får du ansvar for eiga kundeportefølje.

Du vil mellom anna:

Rådgje og selja banken sine produkt og tenester til eksisterande og nye bedriftskundar – kreditt, forsikring, leasing, pensjon og sparing/plassering

Følgja opp og utvikla gode kunderelasjonar

Vurdera kreditt, utarbeida og presentera kredittsaker

Vera ein aktiv sparringspartnar for kundane våre og forstå behova deira

Oppsøkja nye kundar og byggja nettverk i næringslivet

Samarbeida med kollegaer i heile banken for å finne gode og heilskaplege løysingar

Kvalifikasjonar

Du har høgare utdanning innan økonomi.

Du er tidleg i karrieren, eller er nyutdanna.

Det er òg fint om du har interesse for, eller erfaring frå finans, rekneskap

eller revisjon.

Du har interesse for lokalt næringsliv.

Du er god til å skriva nynorsk eller villig til å læra det.

Det er eit pluss om du har autorisasjonar frå FinAut.

Om du ikkje har det, må du på sikt vera motivert for å gjennomføra autorisasjon i kredittfaget.

Personlege eigenskapar

Du likar å snakka med folk og skapa tillit.

Du er nysgjerrig på bedrifter, menneske og økonomi.

Du kan analysere tal, men også forstå menneska bak tala.

Du ser kva som må gjerast og tek i eit tak når det trengst.

Du trivst med kundekontakt og nettverksbygging.

Du er ein god kollega som ser dei rundt deg,

Me tilbyr

Mange gode og dyktige kollegaer og ein triveleg arbeidsplass.

Ei rådgjevarrolle med både ansvar og tillit.

Flotte og moderne lokale midt i Voss sentrum.

Eige treningsrom – fordi me trur det er viktig å ta vare på både hovudet og kroppen.

Om Voss

Her har du kort veg til fjell, ski, sykling, fjord og andre friluftsaktivitetar – samstundes som Voss har eit rikt idretts- og kulturliv gjennom heile året.

For deg som likar å vere aktiv, møte folk og ha naturen tett på, er Voss ein fin plass å både bu og jobba.

Om Voss Sparebank

Her kan du lesa meir om banken :

www.vossabanken.no

Spørsmål

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:

Leiar bedriftsmarknad Kurt Arild Midtun: 479 30 327

Banksjef Jørund Rong: 479 30 335

Ynskjer du å bli vår nye rådgjevar for bedriftsmarknaden på Voss, sender du ein kortfatta søknad med CV til Voss Sparebank på e-post: kam@vossabanken.no. (mrk: «Bedriftsrådgjevar» i emnefeltet) eller bruk søknadsskjemaet via "søk på stilling" knappen på denne siden.

Søknadsfrist er 20.09.2026

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen