Tilbake til alle jobber
F-
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Maskinsjef Stårheim-Isane, pt. MF Selje

STÅRHEIMHeltid10. apr. 2026

Om stillingen

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef på sambandet Isane-Stårheim. 

Turnus: Døgnskift med 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av. Ein fleksibel og familievennleg turnus. Vi tilbyr også konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.

Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Frå 2027 kjem ei nyare ferge inn, og sambandet går over på elektrisk drift. Du får dermed moglegheita til å vere med på ein spennande overgangsfase. 

Søkar bør bu innan ein time frå sambandet. 

Arbeidsoppgåver

Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

Kvalifikasjonar

Minimum M3-sertifikat eller  M4 med dokumentert 6 mnd fartstid etter utstedelse av M4 samt fullført Fagskule.

Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta

Krise- og passasjerhandtering

Gyldig helseerklæring

Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande.

Vi tilbyr

Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Offisersforbund

Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av

Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø

Gode velferd og- pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no

Arbeidsstad

Kleivavegen 30

6777 Stårheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5110934268

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.09.2026

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen