Tilbake til alle jobber
SK
Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta

Vernepleiar/sjukepleiar: 100% fast stilling og årsvikariat 100% stilling

SURNADALHeltid11. sep. 2026

Om stillingen

Vi har ledig ei fast 100% stiling og eit vikariat i eit år i 100%. 

Det er ønske om å tilsette i 100% stilling, men om det er 80% som er aktuelt kan det vere mogleg.

Bu- og aktivitetstenesta gir tilbod om mellom anna helsehjelp,praktisk bistand og opplæring, samt gir aktivitets- og arbeidstilbod til menneske med utviklingshemming og andre med særskilte hjelpebehov.

Målet er å bidra med helsehjelp og godt miljøarbeid slik at kvar enkelt opplever å vere trygg og ha best mogleg livskvalitet.

Arbeidsoppgåver:

Miljøarbeid og praktisk bistand etter gjeldande retningslinjer

Rapportere og dokuementere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk

Kollegaveiledning og å bidra til fagleg utvikling i eininga

Legemiddelhandtering

Samarbeid med pårørande, verger og andre samarbeidspartar

Tverrfagleg samarbeid

Administrative oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar:

Norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar

Erfaring med og interesse for brukargruppa

Gode datakunnskapar

Evne til å jobbe stølvstendig og i team

Personlege eigenskapar vi sett høgt og legg vekt på:

Ansvarsbevisst, påliteleg og nøyaktig

Sett brukarane sine ønske og behov i fokus

Evne til å arbeide planmessig og systematisk og med god gjennomføringsevne

Gode omsorgs- og samarbeidsevner

Er opptatt av å søke nye løysingar og ny kunnskap

Tilsettingsvilkår:

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

Du må ha førarkort kl.B.

Hos oss får du:

- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff

Link til søknadsskjema: Søk her

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen