Tilbake til alle jobber
ØS
Øystre Slidre kommune

Sjukepleiar/bioingeniør på Øystre Slidre legekontor- 50% fast 

HEGGENESDeltid11. sep. 2026

Om stillingen

Vil du bli ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø? Då håpar vi å høyre frå deg!

Kommunen sitt legekontor ligg på Heggenes, sentralt plassert mellom Beitostølen og Fagernes. Ved legekontoret er det fire spesialistar i allmennpraksis og ein LIS1 lege, samt dyktige dyktige medarbeidarar innan sjukepleie og helsesekretærteneste.

Vi har no ledig 50% fast stilling, med moglegheit for å jobbe inntil 100% i periodar. Vi søkjer deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. Hos oss får du arbeide tett saman med erfarne fagpersonar og bidra til gode helsetenester for innbyggjarane i kommunen.

Vi søkjer primært sjukepleiarar, men bioingeniørar er også velkomne til å søke.

Arbeidsoppgåver

Betene telefon og resepsjon

Ta imot og følgje opp pasientar i behandlingsrom

Utføre prøvetaking og andre oppgåver på laboratoriet

Bidra med andre oppgåver etter behov og kompetanse

Kvalifikasjonar

Utdanning og autorisasjon som sjukepleiar eller bioingeniør

Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid på legekontor

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Det er krav om politiattest i stillinga, etter helse- og omsorgstjenesteloven §5-4 .

Personlege eigenskapar

Du kan arbeide sjølvstendig, og i lag med andre

Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Du har evne til å arbeide strukturert, også i periodar med høgt arbeidspress

Du møter pasientar, pårørande og kollegaer på ein imøtekomande og respektfull måte

Du er fleksibel og trivst med varierte arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø

Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver

Du vil få opplæring av dyktige og hyggelege kollegaer

Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande tariffavtale

Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP

Kontaktinformasjon

Per Bo Svensson, Tenesteleiar helse og tilrettelagte tenester, +47 92666185

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5177808199

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 27.09.2026

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen