Tilbake til alle jobber
SK
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim

Helsefagarbeidar ved Surnadal sjukeheim, fast og vikariat

SURNADALHeltid11. sep. 2026

Om stillingen

SURNADAL SJUKEHEIM HAR LEDIG FASTE STILLINGAR OG VIKARIAT FOR HELSEFAGARBEIDARAR.

Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg. I tillegg kan andre stillingar og vikariat bli ledig.

Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.

Om oss:

Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD ( Øyeblikkelig Hjelp Døgnopphald)  Nokre av våre ansatte har stillinga si, eller deler av stillinga si i ein Bemanningspool for sjukeheimen. Den utlyste stillinga inneheld muligheter for desse variasjonane.

Hos oss har vi stort fokus på:

fagutvikling

kvalitet i tenestene

velferdsteknologi

aktivitetar

matglede

refleksjon

Vi søkjer etter:

helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og hjelpepleiarar med autorisasjon

vi ønskjer oss både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring

du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon

Arbeidsoppgåver:

oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som helsefagarbeidar

stell og pleie

samhandling og tverrfagleg samarbeid

veiledning og opplæring av elevar, vikarar og lærlingar.

observasjon og dokumentasjon

bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy

Personlege eigenskapar:

Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og fokusert på å finne løysingar, noko som inneber at at du er fleksibel. Godt humør og gode samarbeidsevner er gode ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.

Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vi kan tilby:

fagleg utvikling

godt arbeidsmiljø

lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår

gode pensjons- og forsikringsordningar

turnus med mogleg individuell tilpassing

flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!

Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim

Link til søknadsskjema: Søk her

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen