Tilbake til alle jobber
SK
Surnadal kommune Bu- og aktivitetstenesta

Helsefagarbeidar i fast 70% stilling, f.t aften/natt

SURNADALDeltid11. sep. 2026

Om stillingen

Vil du vere med og skape gode og meiningsfulle tenester for menneske med behov for støtte i kvardagen?

Vi har ledig fast 70% stilling for helsefagarbeidar med arbeid hovudsakleg på aften og natt.

Stillinga er knytt til tenester for personar med ulike bistandsbehov der tryggleik, fagleg kvalitet og gode relasjonar står sentralt.

Arbeidsoppgåver:

Oppfølging og praktisk bistand til tenestemottakarar

Miljøarbeid og målretta fagleg oppfølging

Dokumentasjon i elektroniske fagsystem

Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre vi samarbeider med

Bidra til tryggleik og gode rutiner

Kvalifikasjonar:

Fagbrev som helsefagarbeidar er ønskeleg

Relevant erfaring frå helse- og omsorgsarbeid kan kompensere for manglande formell utdanning

Gode norskkunnskapar, både muntleg og skriftleg

Førarkort kl.B

Personlege eigenskapar vi sett høgt og legg vekt på:

Å være trygg, stabil og ansvarsbevisst

Ha evne til å arbeide sjølvstendig og i stand til å gjere gode faglege vurderingar

Vere positiv bidragsytar til eit positivt miljø på arbeidsplassen

At du er fleksibel og finn løysingar

Tilsettingsvilkår:

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

Du må ha førarkort kl.B.

Hos oss får du:

- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

- gode pensjons- og forsikringsordningar

- kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff

Link til søknadsskjema: Søk her

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen