Tilbake til alle jobber
VK
Volda kommune, Helse og forvalting

Fysioterapeut

VOLDAHeltid11. sep. 2026

Om stillingen

Vi søkjer etter deg som er ein fagleg dyktig fysioterapeut som ynskjer å bruke kunnskap og kompetanse til det beste for kommunen sine innbyggarar.

Stillinga er knytt til seksjon førebygging og rehabilitering, og er organisert under avdeling helse og forvaltning i helse og omsorgssektoren. I seksjonen finn du fastløna fysioterapeutar, ergoterapeutar, fagutviklingssjukepleiar og avtalefysioterapeutar.

Ein del av stillinga som er utlyst er knytta til rehabiliteringspasientar på korttidsavdelinga, men stillinga vil også innehalde kurative, helsefremmande og førebyggande oppgåver. Vi søker difor etter ein fysioterapeut med brei fagleg kompetanse, spesiell interesse og engasjement innan rehabiliteringsfeltet og som gjerne har erfaring frå og ønske om å drive gruppebehandling.

Kommunen er oppteken av å stå sterkt rusta for å møte både dagens og morgondagens utfordringar. Førebygging, rehabilitering, meistringsfokus og tidleg innsats er sentralt i tenesteutviklinga. Vi ynskjer ein fysioterapeut som vektlegg dette.

Arbeidsoppgåver

rehabilitering av pasientar på korttidsavdelinga, og i overgong heim

behandling individuelt og i grupper

råd og rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. 

deltaking i ulike samarbeidsfora/møter

bidragsytar i det førebyggande arbeidet i kommunen

Arbeidsoppgåvene er ikkje uttømande og vil kunne endre seg etter behovet i seksjonen og kommunen.

Kvalifikasjonar

autorisert fysioterapeut med interesse for arbeid i kommunehelsetenesta

gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg

ønskeleg med erfaring frå rehabiliteringsarbeid

ønskeleg med erfaring frå individ og gruppebehandling

kunnskap om IKT - verktøy og elektronisk samhandling

Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

stor arbeidskapasitet, der du meistrer å prioritere arbeidsoppgåver i ein travel kvardag

at du utfører arbeidsoppgåver med god kvalitet og yrkesfagleg stoltheit

at du er open for nye måtar å jobbe på, er nysgjerrig og tek initiativ

har positive haldningar og stor fleksibilitet

evne til å arbeide sjølvstendig og ta sjølvstendige avgjersler

at du verdsetter å dele kunnskap med andre og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø

personlege eigenskapar er avgjerande

Vi tilbyr

høve til å påverke eigen arbeidskvardag

eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar

utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

fagleg og personleg utvikling

løn etter gjeldande avtalar

Kontaktinformasjon

Randi Heltne Alfsvåg, Seksjonsleiar, 95253450, randi.heltne.alfsvag@volda.kommune.no

Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5175616810

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.09.2026

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen