Tilbake til alle jobber
ØO
Økonomi og samfunn, Vinje kommune

Lønsansvarleg - 100% fast

VINJEHeltid11. sep. 2026

Om stillingen

Ynskjer du å utvikle deg fagleg innan lønsfaget, og vera ein viktig ressurs i ein organisasjon i stadig utvikling? 

Som lønsansvarleg i Vinje kommune får du ei sentral rolle i Vest-Telemarks største arbeidsplass. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø i økonomiavdelinga, der læring, samarbeid og kontinuerleg forbetring står i fokus. Me ynskjer å leggje til rette for at du kan utvikle både fagkunnskap og erfaring, samstundes som du bidreg til å vidareutvikle og effektivisere arbeidsprosessane innan lønsområdet og grensesnittet mot rekneskap og HR.

Som lønsansvarleg får du arbeide med komplekse og varierte problemstillingar, halde deg oppdatert på regelverk, og bidra til utvikling av gode rutinar og digitale løysingar. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag, bygge spesialkompetanse og vere ein sentral fagperson for heile organisasjonen.  

Økonomiavdelinga består av sju medarbeidarar med brei kompetanse innan løn, rekneskap, fakturering og økonomisk rådgiving. Me samarbeider tett, deler kunnskap og legg til rette for fagleg utvikling på tvers av ansvarsområda og tenesteområda. 

Velkomen med på laget!

Arbeidsoppgåver

Fagansvar knytt til kommunens lønsarbeid

Ansvar for lønsprosessar frå A til Å 

Systemansvar for lønssystemet og kvalitetssikring av overføring frå fagsystem

Ansvarleg for opplæring internt på avdelinga og ute i verksemdene

Kontakt og oppfylging mot kommunerevisjonen

Bistå leiarar og tilsette i løns- og HR-relaterte spørsmål i samarbeid med kommunen si HR-avdeling

Rapportering til offentlege myndigheiter 

Avstemming av lønsrelaterte kontoar og oppfylging mot rekneskap 

Delta i kontinuerleg forbetringsarbeid og digitalisering av prosessar 

Oppfylging av reiser, utlegg, fråvær og refusjonar 

Kvalifikasjonar

Utdanning på minimum bachelornivå innan rekneskap, revisjon eller økonomi, fortrinnsvis med 3-5 års relevant praksis

Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt

Gode digitale ferdigheiter og interesse for effektive arbeidsprosessar 

God kjennskap til aktuelt lov- og avtaleverk 

Kjennskap og erfaring frå ERP system til Unit4 og GAT er ein fordel

God økonomiforståing og evne til å arbeide sjølvstendig

Evne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåver

God evne til samarbeid

Personlege eigenskapar

Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver, slik at du held fristar

Du har gode kommunikasjons- og relasjonseigenskaper

Du er nøyaktig og opptatt av detaljar

Du er strukturert, analytisk og har stor arbeidskapasitet

Du er proaktiv og løysningsorientert

Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Du har evne til å motivere andre og jobbe i team

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Vi tilbyr

Ei spanande og viktig rolle i ein framtidsretta organisasjon 

Varierte arbeidsoppgåver og stor grad av sjølvstende 

Faglege utviklingsmoglegheiter 

Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer 

Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår 

Full barnehagedekning og hjelp til å skaffe bustad

God forsikrings- og pensjonsordning

Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

Kontaktinformasjon

Tore Åsland, Økonomisjef, +47 95723348

Arbeidsstad

Vinjevegen 192

3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5178437863

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 27.09.2026

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen