Tilbake til alle jobber
ÅF
Åna fengsel

Miljøterapeut

NÆRBØHeltid11. sep. 2026

Om stillingen

Om stillinga

Åna fengsel har utvida avdeling Rødgata, avdeling for lågare tryggleik, avdelinga har fire plassar for utslusing av

forvaringsdømte. Det er derfor behov for miljøterapeutar i full, fast stilling. Det er to miljøterapeutar knytt til avdelinga, dei arbeider 2 skift turnus.

Stillinga er knytt til avdeling for lågare tryggleik og inngår i forvaringsteamet. Arbeidet består av tett oppfølging av innsatte sin

kvardag og sæleg ha fokus på sysselsetting, tilbakeføring og utvikling av bu-evne.

Miljøterapeutane arbeider tett med fengselsbetjentane, ansatte i verksdrifta og øvrige fagpersonar.

Ein miljøterapeut skal ha evne til å planleggje, leie og evaluere innsette sitt påverknadsarbeid, sjå samanhengen mellom eigne

oppgåver og andre fagområde, og ha gode kommunikasjonsevner. Miljøterapeut skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og

konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta

progresjonsarbeid med innsette

Vi søker deg som:

Har relevant utdanning  

Har erfaring frå miljøarbeid, gjerne innan rus, psykiatri eller kriminalomsorg 

Har evne til å planlegge, strukturere og drifte lavterskel sysselsetting på ein måte som skaper forutsigbarhet, mestring og motivasjon for innsette 

Er trygg, tydelig og relasjonskompetent 

Har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig 

Er god på samarbeid og tverrfaglig arbeid 

Har forståing for tryggleiksarbeid og roller i fengsel 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Arbeidsoppgåver

Miljøterapeutisk oppfølging av innsette i kvardagen

Arbeid i forvaringsteam med strukturert og målretta oppfølging

Drift av sysselsetting i tett samarbeid med arbeidsdrifta

Miljøarbeid i avdelinga

Samarbeid med fengselsbetjentar og arbeidsdrifta

Kartlegging av innsette sine behov for oppfølging, særleg knytt til buevne

Bidra i tilbakeføringsarbeid og samarbeid med eksterne instansar etter behov

Dokumentasjon og målretta tiltaksarbeid

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

Stillingskode 1201

Du må ha

sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning fra høgskule eller

universitet på bachelornivå

erfaring frå miljøterapeutisk arbeid

god munnleg og skriftleg framstillingsevne

god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

--------------------------------------------------------------

Stillingskode 0808

Du må ha

bestått 3-årig vidaregåande skulebestått 3-årig videregående skole og relevant

yrkeserfaring

relevant yrkeserfaring

god munnleg og skriftleg framstillingsevne

god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy

Personlege eigenskapar

gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid

har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette

er mål- og resultatorientert

har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk

Vi tilbyr

meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag

gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.

gratis parkering

tilgang til el-billader

eit aktivt bedriftsidrettslag som tilbyr fysisk aktivitet og sosialt samvær

stillinga blir lønt som miljøterapeut 1201 fra kr 525 000- 640 000/ miljøterapeut 0808 fra kr 474 000 - 550 000 pr. år, avhengig av

kvalifikasjoner, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsinspektør Eldbjørg Engelsvoll på telefon 51799180.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

Originalannonse hos NAV

Vil du søke på stillingen?

Les annonsen og se om stillingen passer for deg.

Søk på stillingen